Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julekonsertar
    - Haustsesongens fyrste konsert.
    - Ny sesong
    - The Commitments.
    - Øvingshelg og konsert med Eikelandsosen Skulemusikklag og Bjørnefjorden Jazz-Ensemble.
    - Basar og konsert.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 365 899

 

 

 




Øvingshelg og konsert med Eikelandsosen Skulemusikklag og Bjørnefjorden Jazz-Ensemble.
 

20.02.2010

Øvingshelga:
Eikelandsosen Skulemusikklag og Bjørnefjorden Jazz-Ensemble har hatt øvingshelg og konsert på planen sidan seinhausten. Helga 13.-14. feburar var det øving på Eikelandsosen skule. Skulemusikken hadde ein del øving på eigenhand, og på laurdagen var trompet og trombone frå Jazz-Ensemblet med nokre timar. Søndagen var dei fulltalige begge gruppene og hadde ei god øvingsøkt.


Konserten 19. februar på Fusa vidaregåande skule:
Skulemusikken opna konserten med eit par nummer før aspirantane slapp til. Sidan forrige konsert før jul har det igjen vore ein flott utvikling hos både korpset og aspirantane.
Etter aspirantane fekk me høyra to gjestemusikarar frå kulturskulen, Øystein Brekke Skjelvan og Runar Kolle som song og spelte gitar. Dette var òg eit flott innslag i konserten.

Foreldre hadde hjelpt til med baking og kaffikoking så etter dette vart det ein kort kaffipause.

Andre del av konserten starta med Bjørnefjorden Jazz-Ensemble som spelte fire tradisjonelle jazzlåtar. Alltid like kjekt å høyra på dei.
Etter dette var det so klart for høgdepunktet og avslutninga av konserten.
Resultatet av øvingshelga, Skulemusikken og Bjørnefjorden Jazz-Ensemble i samspel.
Her var det futt og fart, ballade og solo-innslag.

Lisbeth hadde igjen gjort ein kjempejobb med å setja saman musikkprogrammet og ikkje minst skriva om for å tilpassa musikken til besetninga.

I kulissane hadde styret i ESML jobba godt for at arrangementet skulle bli so bra som mogleg. Dei hadde søkt om støtte frå NMF og Norsk Tipping med positivt resultat. Programhefte med ein del sponsorar vart laga. I siste liten måtte dei på leiting etter scenebelysning då ”plan A” ikkje lot seg gjera, men var heldige og fekk lysa på plass.

Dei 48 betalande tilhøyrarane fekk seg ein fin helgestart med konsert på Fusa vidaregåande skule. Flott å sjå at bygdafolket møter opp. Det gjer det kjekt for aktørane å halda på med det dei gjer. Det ligg mykje øving bak.

Konsert på Fusa vgs  







Øvingshelg på skulen  








Utskriftsvennlig versjon