Print this page


Brasskonserten 2014

17.02.2014



Søndag 16. februar var alle musikklaga i Fusa kommune samla i Eikelandsfjorden samfunnshus til konsert og samspel. Damekoret "Kor(t)pusten" var også invitert slik at me fekk eit vokalt innslag innimellom alle messingblåsarane.

”Brasskonserten 2014” var den fyrste i rekkja av det me håpar skal verta ein årleg tradisjon, der arrangementet går på rundgang blant musikklaga i kommunen. Denne fyrste gongen var det EML og ESML som stod for arrangementet.

Som oppladning til konserten, hadde musikklaga tidlegare på dagen nokre timars øving på fellesnummer og felles middag på samfunnshuset.

På konserten hadde alle musikklaga og Kor(t)pusten kvar sin avdeling. I tillegg fekk me høyra ein kvartett beståande av dei eldste musikantane i ESML, samt årets aspirantar i ESML som spelte nokre melodiar. Det vart som alltid eit av høgdepunkta på konserten å få høyra og sjå aspirantane opptre.

Konserten vart avslutta med fellesnummeret ”Music for Greenwich” av Edward Gregson. Framført av alle musikklaga som felleskorps under leiing av dirigent Lisbeth Sommerstad.

Stafettpinnen for ”Brasskonserten” blei sendt vidare til Hålandsdalen musikklag som får æra av å arrangera i 2015. Me gler oss til det.

 

Dei som var med på konserten:

  • Eikelandsfjorden musikklag,  dirigent Aidan Smith
  • Eikelandsosen skulemusikklag,  dirigent Lisbeth Sommerstad
  • Aspirantane til ESML under leiing av Aidan Smith
  • Hålandsdalen musikklag,  dirigent Maria Lister Midtrød
  • Holmefjord musikklag,  dirigent Geirmund Sandven
  • Kor(t)pusten,  dirigent Maria Lister Midtrød

 



Bilder frå konserten.  

Aspirantane
Aspirantane
ESML
ESML
ESML slagverk
ESML slagverk
Felleskorpset
Felleskorpset
Konsertprogram
Konsertprogram