|
|
|
Oktoberfest i Krabbedalen. |
|
02.11.2011
Laurdag 29.oktober tok EML turen til by'n på speling. Nærmare bestemt til Krabbedalen i Loddefjord og oktoberfest. Dette var første opptreden med samarbeidskorpset vårt Jernbanens musikkorps Bergen(JMK Bergen). Oktoberfest arrangerast av JMK kvart år på denne tida. Inviterte korps og kor spelar konsert for kvarandre over eit musikalsk tema. Årets tema var populærmusikk frå 50- og 60-talet. I tillegg til JMK/EML deltok Hamre/Hjellvik musikklag, Unnelandskoret, Flåm musikklag og Bergen embouchure ensemble.
Programmet vårt for kvelden var: Cole Porter for Brass The American Patrol Ticket to Ride Saint Louis Blues
Etter konsert og ei god matøkt var det sosialt samvære. Midttun Pavillion orkester sytte for musikk til dans og underhaldning.
Ein del bilder frå kvelden på JMK sine heimesider.
Sjå også heimesida til Flåm musikklag.
|
|
|