Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julekonsert
    - Ny optimisme i Eikelandsosen Skulemusikklag.
    - Basar til inntekt for Eikelandsfjorden Samfunnshus
    - Brasspub i Haukås Musikkhus
    - Seminar på Evanger
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 700 756

 

 

 





Ny optimisme i Eikelandsosen Skulemusikklag.
 
01.11.2009 Det spirer og gror igjen i korpsmiljøet i bygda. Skulemusikken med aspirantar hadde konsert søndag 1.november etter ei lang seminarhelg.

I haust starta Eikelandsosen Skulemusikklag opp med ny dirigent Lisbeth Sommerstad.
Det fyrste Lisbeth gjorde var å gå inn i klassane på skulen for å halda ein musikktime for elevane. Der fekk dei ein innføring i kva det innebar å spela i korps, fekk læra litt om notar og spelte litt for dei. I tillegg vart det invitert til ein liten seanse same kvelden for både elevar og foreldre. Her spelte dei etablerte skulemusikantane nokre låtar. I tillegg var Eirik Gjerdevik med for å spela og fortelja litt om korps generelt.

Etter desse to seansane meldte det seg heile 16 nye aspirantar til ESML fordelt på 4,5,6 og 7 klasse. Kvar torsdag rett etter skuletid, har Lisbeth hatt timar med aspirantane fordelt på passande grupper i forhold til klassetrinn og instrument. Deretter har ho hatt øvingar med skulemusikken på ettermiddagen.

I helga hadde ESML og alle aspirantane seminar, med avsluttande konsert på søndag 1. november. Dette vart ein svært positiv opplevelse for både musikantar, instruktørar og foreldre. Laurdagen var det gruppeøvingar heile dagen. På søndag var det fellesøving og generalprøve til konserten.

Kl. 14 på søndag var det så duka for årets fyrste konsert. Den vart halde i gymsalen på ungdomsskulen. Konserten var delt opp i tre avdelingar.
Fyrste avdeling var med hovedkorpset. Her var det variert musikk frå klassisk Edvard Grieg, via Roger Millers ”King of the road”, til Boogie Woogie og James Bond filmmusikk. Her var solistar på både trombone og kornett.

I neste avdeling var det aspirantane sin tur.
Dei spelte diverse nummer i frå ”Midt i blinken” boka. Både i grupper, og i lag heile gjengen.
Det var imponerande å høyra kor flinke dei hadde blitt etter berre 2 månaders opplæring.

Til slutt spelte hovedkorpset og aspirantane to stykker i saman: Spania og ein cha-cha.
Her fekk aspirantane æra av å vera solistar akkompagnert av skulemusikken.

Dette markerte slutten på ei triveleg og svært så konstruktiv helg for alle musikantane.
Dei mange frammøtte på konserten såg ut til å kosa seg med musikken som vart framført.

Ein gjeng med blide og positive ungdomar lovar godt for framtida. Det vert difor spennande å fylgja skulemusikken i vidare vekst.
Stor honnør til dirigent Lisbeth som har hatt ein svært positiv inntreden i ESML.

Konsert 1. november 2009.  


ESML med dirigent Lisbeth Sommerstad.

ESML med aspirantar.

Lydopptak frå konserten

Spill Boogie Woogie
Boogie Woogie

Last ned
Spill Midt i blinken - rock
Midt i blinken - rock

Last ned
Spill Spania
Spania

Last ned