|
|
|
Seminar på Evanger |
|
28.09.2009
26. og 27. september hadde me seminar på Evanger saman med Evanger Musikklag. Me hadde sett fram til å få spela saman med andre i fullt korps. Me hadde på førehand høyrt at Evanger Musikklag kunne passa godt saman med oss, og det viste seg å stemma. Me utfylte kvarandre godt og hadde det kjekt saman. Øvingane gjekk bra og me hadde ein koseleg ettermiddag/kveld saman på laurdagen med pizza og quiz.
|
|
|