Eikelandsfjorden Musikklag såg dagens lys i 1902. Dato for stiftinga er ikkje dokumentert, men fyrste offentlege speling var i eit bryllaup på Fusa den 13. november 1902. Laget har vore i meir eller mindre kontinuerlig drift med unntak av krigsåra 1940-45.
Aktivitetane i tidlege år bestod av speling i bryllaup, gudstenester, julefestar og på diverse lokale lagsfestar så som ungdomslag, skyttarlag osv. Dei spelte også på bonde- og ungdomslagsstemner. Eikelandsfjorden Musikklag hadde tydelegvis godt ord på seg, for dei vart svært ofte brukt av Hordaland Ungdomslag til å spela på stemna deira. Transportmiddel var ofte båt for å koma seg dit dei skulle spela. Etter at Hordaland Musikklag vart skipa i 1926, var EML også faste deltakarar på Hordastevnet for musikkorps. Initiativet til å få skipa Hordaland Musikklag vart for øvrig teken av ein av EML sine dirigentar Andreas L. Eide.
I soga til EML står det at 17. mai 1925 starta musikklaget ein ny tradisjon med musikk og folketog til kyrkja.
Meir info kjem ....
Eikelandsfjorden Musikklag sine faste dirigentar gjennom alle åra: Hans Berge 1902 – 1907 (1911?) Martin Hope 1911 – 1919 Severin Havsgård 1920 – 1930 Jan Berge / Andreas L. Eide 1930 – 1941 Odd Haugen 1940 Simon Midttun 1947 – 1948 Frits Hoffmann 1950 – 1964 Arne Fossberg 1964 – 1971 Erling Koldal 1972 – 1985 Arne Fossberg 1985 -1987 Bjørn Sagstad 1987-1990 Øyvind Storheim 1990 -1995 Christian Breistein 1995 - 1999 Jon Lien 1999 - 2002 Thor-Arne Pedersen 2002 - 2003 Knut Harald Rydland 2003 - 2007 Thor-Arne Pedersen 2007 - 2010 Torstein Hatlevik 2010 - 2012 Lisbeth Sommerstad 2012 - 2013 Aidan Smith 2013 - 2014 Tommy-Renè Stordal 2014 - 2015 Aidan Smith 2015 -
|