|
|
|
Farsdagskafè 2011. |
|
 |
|
|
Fullt hus |
|
|
|
Eikelandsosen skulemusikklag. |
|
|
|
Bygdebladet "Eikjelandsfjorden". |
|
|
14.11.2011
Den årlege farsdagskafèen til skulemusikken er overstått. Dette var andre gongen og med det gode frammøtet vert nok dette å regna som fast tradisjon i åra som kjem.
Kafèen opna med konsert. Første nummer var med årets aspirantar som solistar akkompagnert av skulemusikken. Deretter fekk me 5 nummer frå skulemusikken av varierande sjanger der dei var innom popmusikk, musical, filmmusikk, og ein salmetone frå 1500-talet. Heriblant fekk me høyra solistar på kornett og på tuba.
Programmet for konserten: Spania (med aspirantane som solistar) Ghostbusters Eg veit i himmerik ei borg Do-Re-Mi (The sound of music) Everybody needs somebody (Blues Brothers) Pirates of the Caribbean
Seinare på dagen mellom matøktene kunne me stifta nærmare bekjentskap med årets aspirantar. Dei spelte nokre songar for seg sjølv, både solo og i lag. Dei er berre 5 aspirantar i år, men du verden so dyktige etter berre 2 månaders opplæring. Flott levert!!
Før maten vart servert var det lansering av det nye bygdebladet som vert utgitt av ESML. Bladet har fått namnet "Eikjelandsfjorden", og er meint å setja fokus på musikk- og kulturlivet i bygdene langs Eikelandsfjorden. Eit forsøk på å framheva det positive og samfunnsbyggjande elementet som kultur er på ein stad som vår, basert på fivillig innsats. Morten Holmefjord har vore tekstforfattar og Fredrik Alden Thorsen har bistått med mesteparten av biletmaterialet i bladet.
Bygdebladet er årets julegåvetips. Det er laga i A4 format og lett å senda i posten(f.eks. til utflytta slekt og vener). Det er ikkje berre dagsaktuelt, og tåler godt å bli henta ned i frå bokhylla med jevne mellomrom i framtida.
Bladet er å få kjøpt hos ESML og kostar kr 100,- Skulemusikantane kjem til å selgja bladet på dørane i tida framover. Evnt kan ein ta kontakt med ESML for å kjøpa bladet.
Me gratulerar skulemusikken med eit flott arrangement, og eit kjærkoment tiltak for å sleppa å laga middag heime på ein søndag. Den gode "betasupo" gjer forhåpentlegvis sitt til at dei fleste kjem att til neste år.
Nokre bilete.
 |
Aspirant gruppa
Jon Heine, Iselin, Atle, Ida Marie og Sarha.
|
|
 |
Aspirantar
Jon Heine og Iselin.
|
|
 |
Solist på tuba
Martin
|
|
 |
Solistar på kornett.
Lena, Mariann, Siv og Katrine.
|
|
 |
Morten Holmefjord.
Morten informerte litt om det rykande ferske bygdebladet "Eikjelandsfjorden".
|
|
 |
"Eikjelandsfjorden"
|
|
Lydopptak:
|
|
|