|
|
|
Konsert med ESML og EML |
|
28.03.2011
Søndag 27. mars arrangerte Eikelandsosen Skulemusikklag konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus. Medverkande på denne konserten var, i tillegg til skulemusikken, Eikelandsfjorden Musikklag og nokre av aspirantane til skulemusikken.
Skulemusikken hadde hatt seminar heile helga og brukte denne konserten som generalprøve på programmet som dei skal spela på Vårspretten laurdag 2. april:
The red rock march, Nocturne, All around the world og Månemannen.
Vårspretten er ein årleg tilstelling for skulekorps i Hordaland som foregår på Askøy. Du kan lesa meir om vårspretten her.
Eikelandsfjorden Musikklag sitt konsertprogram for dagen: Fever, Hit the road Jack og Sixteen tons.
Ein enkel utlodning under konserten samla litt pengar i kassen til ESML. Takk til alle som er med og bidrar til at hjula kan haldast i gang, og ikkje minst til alle som møter opp på konsertane. Det er til stor inspirasjon for korpsa når det er bra med publikum.
Til slutt nokre inntrykk frå konserten:
Nocturne from EML on Vimeo.
Aspiranter. from EML on Vimeo.
|
|
|