|
|
|
The Commitments. |
|
17.04.2010
Laurdag 17.april var det duka for soul og rythm'n blues aften i Eikelandsfjorden samfunnshus. EML hadde her fått med seg 3 av medlemane i orkesteret "Smertestillande", Anne-Marthe Fløysand, Erik Rolland og Håvard Skåtun. I tillegg Tonje Koldal Opsal på vokal. For anledningen hadde Eikelandsfjorden Musikklag med dirigent Thor-Arne Pedersen slått seg i saman med Haukås Musikklag og danna med dette eit kjempestort storband til å kompa dei unge artistane. Konserten bestod av 14 låtar frå 90-talls filmen "the Commitments", arrangert for korps og band av Magne Rutle.
Filmen, som er basert på boka "the Commitments" av Roddy Doyle, handlar om ein gjeng entusiastiske irske amatørmusikarar og deira forsøk på å starta eit ekte R&B-band. Dei var frå den aller fattigaste delen av Irland, hadde ingenting, men var villige til å satsa ALT. Musikken gav dei ekte stolthet og ein av dei uttalte at "det er betre å stå i køen på arbeidskontoret som arbeidslaus musikar, enn som arbeidslaus røyrleggjar".
Me hadde lagt opp til to gjennomføringar denne kvelden. Ein familiekonsert kl 19, og ein kl 21.30 med 18 års aldersgrense. Det var gledeleg at det kom bra med publikum, spesielt på fyrste konserten med ca 100 tilhøyrarar i salen. Det gjer at EML vil vurdera å gjera lignande arrangement igjen med jevne mellomrom. Det virka i alle fall som programmet fallt i smak hos dei frammøtte. Konserten vart forøvrig fint leda av konferansier Morten Havsgård som kunne fortelja litt om musikken og artistane på scena.
Ein stor honnør til dei unge på gitar, bass og vokal som gjorde ein framifrå figur, til tross for kort tid til å øva inn alle låtane.
Bilder frå konserten.
 |
Band og korps.
|
|
 |
Bandet
f.v. Erik Rolland, Håvard Skåtun, Tonje Koldal Opsal og Anne-Marthe Fløysand.
|
|
 |
Korpset
Eikelandsfjorden Musikklag og Haukås Musikklag
|
|
Lydopptak frå konserten
|
|
|