Musikklaget og skulemusikken er i gang att etter sommarferien. Ny sesong og ny felles dirigent. Me starta opp med øvingar i slutten av august, og helga 12.-14. september var det tid for vårt tradisjonelle felles oppstartsseminar. Heile helga frå fredag til søndag fylt med øving, sosialt samvære, og avsluttande konsert på søndagen med gjester.
Eirik Gjerdevik har svinga taktstokken heile helga og prøvd å få det beste ut av kvar enkelt musikant. Ein litt sliten men fortsatt inspirert gjeng kunne halda søndagens avslutningskonsert og visa fram for publikum det som me hadde jobba med heile helga. All musikk som vart servert var øvd inn same helga.
Eirik spelte nokre solistnummer med korpset. Då fekk publikum også stifta bekjentskap med vår nye dirigent, Tommy-Renè Stordal. Han skal vera dirigent for både musikklaget og skulemusikken framover.
Tommy-Renè hadde for anledninga også fått ansvaret for aspirantane til skulemusikken denne helga. Aspirantane hadde som vanleg sin egen seanse på konserten. Både heilt aleine og som solistar med korpset.
I tillegg fekk me eit innslag med song og gitar. Framført av ein trio beståande av Vegard, Elena og Sylvia.
Mange har vore i sving utanom spelinga også, både musikantar og foreldre. Det skal lagast mat til ein stor gjeng heile helga, laga til stolar/bord, ryddast og vaskast osv. Både ifm konserten og ellers i helga. Stor takk til alle som er med og bidrar.
Konsertprogram:
• Ross Roy
• Deborah’s theme
• Jul i Flåklypa
• Vikingmarsj (aspirantane)
• Funky kidz -solistar: aspirantane
• I see fire (Vegard, Elena og Sylvia)
• The muppet show theme
• Czardas -solist Eirik gjerdevik
• Gabriels obo -solist Eirik gjerdevik
• Free world fantasy
Konserten vart arrangert med støtte av ”Drømmekonserten”. Eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norges Musikkorps Forbund.
