Tysdag 17. juni spelte me vår siste konsert for sesongen. Saman med skulemusikken og aspirantane inviterte me publikum til konsert i samfunnshuset.
Variert underhaldningsmusikk vart servert av musikklaga. Publikum fekk oppleva klassisk Edvard Grieg med både Dovregubben og morgenstemning, filmmusikk frå James Bond og meir moderne rytmar som swing, pop og funk.
Aspirantane til skulemusikken briljerte med ”postmann Pat” og ”can can”. Aspirantane fekk også prøva seg som ekte skulemusikantar når dei tredde inn i korpset og avrunda med ein svingande funk-låt.
4 av skulemusikantane vart heidra for ”lang og tru teneste” med henholdsvis 3 og 5 års medaljar.
Ca 30 frammøtte på ein tysdags ettermiddag vart til eit halvstort publikum når i tillegg musikklaga var publikum for kvarandre.
Me i musikklaget tar dermed sommarferie her heime, mens skulemusikken reiser på langtur i neste veke og startar sommarferien sin i England. God tur!!
Program for konserten:
ESML
• I Dovregubbens hall
• Morgenstemning
• Skyfall
• Heal the world
• Æ vil bare dans
• 5 E funk
EML
• E' spenstig
• Sir Duke
• O magnum mysterium
• Showstoppa
Nokre lydopptak: