Helga 20.-22. september hadde EML og ESML seminar i saman, med avsluttande konsert på Fusa ungdomsskule på søndagen. Gjestedirigent på konserten var Eirik Gjerdevik.
Det har etter kvart blitt tradisjon at EML og ESML har seminar og konsert i saman på denne tida av året. Programmet for konserten bestod av både tradisjonell korpsmusikk og av meir moderne rytmar. Aspirantane til skulemusikken fekk vist seg fram for fyrste gong både åleine og som solistar saman med korpset. Ellers var det alle tubaistane som stod for soloinnslaga med korpset denne dagen. Fyrst Martin F. Koldal med tubasoloen ”Polly” og litt seinare alle tubaistane som ”elefantsolistar” på ”Elephant act” (2. sats i ”Circus suite”).
Eit gledeleg innslag under konserten var at me fekk besøk av Sparebanken vest, representert av Godtskalk Skåtun. Han kunne overrekka ei pengegåve til skulemusikken på heile kr 35.000. Skal korpset ha musikalsk utvikling, treng ein ordentlege instrument til musikantane til ein kvar tid. Då er dette kjærkomne midlar til kjøp av dyre instrument.
Program for konserten:
“Lomond Hills overture”
”Polly” solist på tuba: Martin F. Koldal
”Salsa Amigo”
“Spania” solistar: aspirantane
Div. innslag frå aspirantane
”Funky kidz” solistar: aspirantane
”Fresh”
“Circus suite”
Litt bilder og lydopptak under. Sjå også ESML sine sider.