Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Reisa til julestjerna gjekk for fulle hus.
    - Reisa til julestjerna
    - Basaren til samfunnshuset 2013.
    - Konsert på Fusa ungdomsskule.
    - Skulemusikken på turnè.
    - Musikklaget på turnè.
    - Vellukka Afrika-konsert
    - Basaren 2013.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 700 761

 

 

 




Skulemusikken på turnè.
 

11.06.2013

Mandag 10. juni var det skulemusikken sin tur å reisa på turnè. Turen gjekk til tre forskjellige skular for å halda konsert for elevane der. Formålet var å visa fram litt av det som skulemusikken held på med, i håp om å få mange rekruttar til hausten.

Skulemusikken spelte 4 låtar. Elevane fekk presentert dei forskjellige instrumenta i eit korps, kva instrumenta heiter og ein liten smakebit på korleis dei høyrest ut. Lisbeth fortalte litt om det å spela i korps og kva dei kunne forventa seg dersom dei begynnar å spela i korpset.

Etterpå fekk alle som hadde lyst til det, lov til å prøvespela nokre ekstra instrument som me hadde med oss.

 

Turen starta på Holdhus skule, deretter vidare til Nore Fusa skule og til sist Eikelandsosen skule.

 

Ein liten videosnutt:

 

Og litt bilder:

Holdhus  

Presentasjon av alle instrumenta
Presentasjon av alle instrumenta
I kø for å prøvespela
I kø for å prøvespela

Nore Fusa  

"Eg veit..."
Slik høyrest trombonen ut
Slik høyrest trombonen ut

Eikelandsosen  

Konsert
Konsert
Lisbeth fortel...
Lisbeth fortel...
"spør meg då vel..."
Honorar for spelinga vart endeleg utlevert
Honorar for spelinga vart endeleg utlevert