Laurdag 9. mars arrangerte Eikelandsfjorden Musikklag og Eikelandsosen Skulemusikklag konsert med afrikanskinspirert musikk i samfunnshuset.
Heile 150 personar møtte opp for å sjå og høyra musikklaga framføra musikk komponert/arrangert av Jan Magne Førde. Konserten starta med at musikklaga song medan me kom inn og tok plass akkompagnert av trommer.
Me gjekk deretter over til å spela, og hadde fleire solistinnslag med unge og litt eldre solistar, før dei aller yngste slapp til. Dei flinke aspirantane til skulemusikken viste stor speleglede der dei stod fram og improviserte.
Kor(t)pusten framførte to songer åleine, og deltok deretter saman med musikklaga på fleire nummer.
Me fekk og ei fin oppvisning frå unge dansarar frå kulturskulen.
Fusa Lyd og Lys sørga for at alle vart høyrt og sett.
Dirigent Lisbeth Sommerstad og danselærar Paul Merkesdal fekk velfortent takk og blomar, og me vil og takka alle som kjøpte annonsar i programbladet vårt.
Nokre filmopptak:
Kesaule from EML on Vimeo.
Ndihamba Nawe from EML on Vimeo.
Knerteslåtten from EML on Vimeo.
Sana sananina from EML on Vimeo.
Mbabane - Sister Rosie - Kongolela from EML on Vimeo.