Print this page
BLI GRASROTGIVAR.

Eikelandsfjorden Musikklag treng di støtte. Når du tippar hos Norsk Tipping har du muligheten til å støtta oss økonomisk utan at det kostar deg noko som helst ekstra.
Alt du treng å gjera er å registrera oss som din grasrotmottakar hos Norsk Tipping, so går 5% av innsatsen direkte til EML kvar gong du tippar(gjeld ikkje Extra og Flax).
Om du kjenner nokon som du trur kan tenkja seg å støtta oss, vert me veldig glad om du tipsar dei om dette. Kanskje kan du skriva ut strekkoden nederst på sida og levera til dei, eller tipsa dei om denne heimesida.
Tusen takk for at du er med og støttar oss med dine grasrotmidlar!!

Slik gjer du for å leggja til EML som din grasrotmottakar:

Hos kommisjonær:
Be kommisjonæren søkje fram Eikelandsfjorden Musikklag, eller be han taste inn 979 319 703 som er organisasjonsnummeret til EML.
Alternativt kan du skriva ut og ta med deg strekkoden du finn nede på sida.

Om du tippar på internett:
Klikk på "legg til grasrotmottakar" i menyen til venstre og det opnar seg eit nytt vindu.
Søk fram Eikelandsfjorden Musikklag eller org.nr. 979 319 703.
Klikk deretter på ”tilknytt”. Hugs at du må vera innlogga.

Mobiltelefon:
SMS: skriv GRASROTANDELEN 979319703 og send til 2020 (tenesten er gratis)

Norsk Tipping Mobilspill: Du kan knytta deg til via mobilapplikasjonen på din mobiltelefon. Denne kan lastast ned ved å skriva kodeord SPILL til 1960. Du må ha versjon 1.82 eller nyare for å få denne til å fungera. Har du ein eldre versjon, må du oppdatera denne ved å senda Spill til 1960 på nytt.

Norsk Tipping Spillterminal:
Du kan også knytta deg til ved Norsk Tipping Spillterminal. Sett inn ditt spillerkort, oppgi PIN-kode og følg instruksjonane på skjermen.




Get Adobe Reader

Read file
 Strekkode