Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Om laget
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 241 782

 

 


Historien om EML

Eikelandsfjorden Musikklag såg dagens lys i 1902. Dato for stiftinga er ikkje dokumentert, men fyrste offentlege speling var i eit bryllaup på Fusa den 13. november 1902.
Laget har vore i meir eller mindre kontinuerlig drift med unntak av krigsåra 1940-45.

Aktivitetane i tidlege år bestod av speling i bryllaup, gudstenester, julefestar og på diverse lokale lagsfestar så som ungdomslag, skyttarlag osv.
Dei spelte også på bonde- og ungdomslagsstemner. Eikelandsfjorden Musikklag hadde tydelegvis godt ord på seg, for dei vart svært ofte brukt av Hordaland Ungdomslag til å spela på stemna deira. Transportmiddel var ofte båt for å koma seg dit dei skulle spela.
Etter at Hordaland Musikklag vart skipa i 1926, var EML også faste deltakarar på Hordastevnet for musikkorps. Initiativet til å få skipa Hordaland Musikklag vart for øvrig teken av ein av EML sine dirigentar Andreas L. Eide.

I soga til EML står det at 17. mai 1925 starta musikklaget ein ny tradisjon med musikk og folketog til kyrkja.

Meir info kjem ....


Eikelandsfjorden Musikklag sine faste dirigentar gjennom alle åra:
Hans Berge 1902 – 1907 (1911?)
Martin Hope 1911 – 1919
Severin Havsgård 1920 – 1930
Jan Berge / Andreas L. Eide 1930 – 1941
Odd Haugen 1940
Simon Midttun 1947 – 1948
Frits Hoffmann 1950 – 1964
Arne Fossberg 1964 – 1971
Erling Koldal 1972 – 1985
Arne Fossberg 1985 -1987
Bjørn Sagstad 1987-1990
Øyvind Storheim 1990 -1995
Christian Breistein 1995 - 1999
Jon Lien 1999 - 2002
Thor-Arne Pedersen 2002 - 2003
Knut Harald Rydland 2003 - 2007
Thor-Arne Pedersen 2007 - 2010
Torstein Hatlevik 2010 - 2012
Lisbeth Sommerstad 2012 - 2013
Aidan Smith  2013 - 2014
Tommy-Renè Stordal  2014 - 2015
Aidan Smith  2015 -

 

    Utskriftsvennlig versjon