Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julafta på Fusa Bu- og behandlingssenter.
    - Julekonsertar 2011.
    - Nisseorkesteret på Fjord'n senter.
    - Farsdagskafè 2011.
    - Oktoberfest i Krabbedalen.
    - Konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus søndag 2.oktober
    - Konsert med ESML og EML
    - Konsert og basar.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 249 092

 

 

 




Farsdagskafè 2011.
Fullt hus
 
Fullt hus
 
Eikelandsosen skulemusikklag.
 
Eikelandsosen skulemusikklag.
 
Bygdebladet
 
Bygdebladet "Eikjelandsfjorden".
 
14.11.2011 Den årlege farsdagskafèen til skulemusikken er overstått.
Dette var andre gongen og med det gode frammøtet vert nok dette å regna som fast tradisjon i åra som kjem.

Kafèen opna med konsert.
Første nummer var med årets aspirantar som solistar akkompagnert av skulemusikken. Deretter fekk me 5 nummer frå skulemusikken av varierande sjanger der dei var innom popmusikk, musical, filmmusikk, og ein salmetone frå 1500-talet.
Heriblant fekk me høyra solistar på kornett og på tuba.

Programmet for konserten:
Spania (med aspirantane som solistar)
Ghostbusters
Eg veit i himmerik ei borg
Do-Re-Mi (The sound of music)
Everybody needs somebody (Blues Brothers)
Pirates of the Caribbean

Seinare på dagen mellom matøktene kunne me stifta nærmare bekjentskap med årets aspirantar. Dei spelte nokre songar for seg sjølv, både solo og i lag.
Dei er berre 5 aspirantar i år, men du verden so dyktige etter berre 2 månaders opplæring. Flott levert!!


Før maten vart servert var det lansering av det nye bygdebladet som vert utgitt av ESML.
Bladet har fått namnet "Eikjelandsfjorden", og er meint å setja fokus på musikk- og kulturlivet i bygdene langs Eikelandsfjorden. Eit forsøk på å framheva det positive og samfunnsbyggjande elementet som kultur er på ein stad som vår, basert på fivillig innsats.
Morten Holmefjord har vore tekstforfattar og Fredrik Alden Thorsen har bistått med mesteparten av biletmaterialet i bladet.

Bygdebladet er årets julegåvetips.
Det er laga i A4 format og lett å senda i posten(f.eks. til utflytta slekt og vener). Det er ikkje berre dagsaktuelt, og tåler godt å bli henta ned i frå bokhylla med jevne mellomrom i framtida.

Bladet er å få kjøpt hos ESML og kostar kr 100,-
Skulemusikantane kjem til å selgja bladet på dørane i tida framover. Evnt kan ein ta kontakt med ESML for å kjøpa bladet.


Me gratulerar skulemusikken med eit flott arrangement, og eit kjærkoment tiltak for å sleppa å laga middag heime på ein søndag.
Den gode "betasupo" gjer forhåpentlegvis sitt til at dei fleste kjem att til neste år.

Nokre bilete.  

Aspirant gruppa
Aspirant gruppa
Jon Heine, Iselin, Atle, Ida Marie og Sarha.
Aspirantar
Aspirantar
Jon Heine og Iselin.
Solist på tuba
Solist på tuba
Martin
Solistar på kornett.
Solistar på kornett.
Lena, Mariann, Siv og Katrine.
Morten Holmefjord.
Morten Holmefjord.
Morten informerte litt om det rykande ferske bygdebladet "Eikjelandsfjorden".
"Eikjelandsfjorden"

Lydopptak:

Spill Do-Re-Mi
Do-Re-Mi

Last ned
Spill Pirates of the Caribbean
Pirates of the Caribbean

Last ned




Utskriftsvennlig versjon