Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julafta på Fusa Bu- og behandlingssenter.
    - Julekonsertar 2011.
    - Nisseorkesteret på Fjord'n senter.
    - Farsdagskafè 2011.
    - Oktoberfest i Krabbedalen.
    - Konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus søndag 2.oktober
    - Konsert med ESML og EML
    - Konsert og basar.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 249 094

 

 

 




Konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus søndag 2.oktober
 
 
03.10.2011 Konserten på søndag avslutta ei hektisk helg for alle musikantane som hadde hatt seminar frå fredag til søndag. Dirigent for det samansette korpset beståande av EML og ESML var Eirik Gjerdevik. Eirik er tidlegare tubaist i Eikelandsfjorden Musikklag og er i dag yrkesmusikar i Forsvarets Musikkorps Vestlandet. I tillegg reiser han verden rundt som solist på tuba saman med diverse blåse- og strykeorkester.

Det var fullsett samfunnshus og stor stemning frå fyrste stund. Korpset opna fyrste avdeling av konserten med ein fanfare frå det symfoniske diktet ”Also Sprach Zarathustra” av Richard Strauss og sette standarden for resten av konserten med dette.
Etter å ha fulgt opp med ein hymnetone frå England, ”Deep harmony”, var det klart for årets aspirantar i skulemusikken.
Dei spelte fyrst nokre småstykker heilt åleine. Deretter fekk dei vera solistar akkompagnert av det store korpset i låten ”Spania”. Imponerande innsats etter knapt ein månads opplæring på instrumenta sine.

Etter at korpset hadde gjort seg ferdig med fyrste økta og det hadde vore ein pause med loddsal og mat/drikke, fekk me høyra nokre tradisjonelle jazzlåtar frå Bjørnefjorden Jazzensemble. Fyrst nokre instrumentale og deretter med vokalist Maria Midtrød. Bjørnefjorden er etter kvart eit velrenommert innslag i det lokale musikkmiljøet og dei erfarne musikarane i ensemblet gav oss ein fin opplevelse som alltid.

Neste innslag i konserten var mannskoret Nilsingers. For anledninga litt redusert til ein kvartett. Dei framførde ein del tradisjonelle låtar, fint akkompagnert av Bjørnefjorden jazzensemble. Det er godt å sjå at det står bra til på korfronten i bygdene. Det understrekar mangfaldet i musikkmiljøet i Fusa.

Andre avdelinga til korpset starta med ”Gabriellas sång”. Her hadde me fått med oss Nilsingers som vokale solistar. Etter litt meir filmmusikk og ein marsj, avslutta korpset med ”Djembe Funk”. Litt moderne rytmar med solistar på slagverk Hans Kristian Øvreås og Kristoffer Samnøy.

Aspirantane til skulemusikken fekk æra av å avslutta heile konserten. Her vart det verkeleg høgt under taket. Dei framførte ”Elefant songen” beståande av både speling og synging, styrt av forsongar Eirik Gjerdevik. Dette vart ein entusiastisk og verdig avslutning på ein konsert som varde i heile 2 ½ time, inkludert mat og utlodding.


Programmet til musikklaga:
Also Sprach Zarathustra
Deep Harmony
Spania, solistar: aspirantane
The Elephant
A Northumbrian Suite

Gabriellas sång, solistar: Nilsingers
Pirates of the Caribbean
King-size, marsj
Djembe Funk, solistar: Hans Kristian og Kristoffer


Musikklaga takkar dei andre medverkande aktørane , og publikum for frammøte.


Til slutt nokre ord om Eikelandsosen skulemusikklag.
Skulemusikken er fortsatt i framifrå musikalsk utvikling takka vera god og målretta instruksjon av dirigenten deira Lisbeth Sommerstad.
Det folk flest ikkje er klar over og som bør nemnast, er kva fantastisk prestasjon desse ungdomane i alderen 10-16 år faktisk har gjort denne helga.
I løpet av helga frå fredag til søndag har dei øvd inn heile 9 nye musikkstykke med god hjelp frå dei vaksne, for deretter å framføra dette på konsert på søndagen. Deriblant eit stort konsertstykke i fire satsar som varer i heile 12 minutt. Dette krev knallhard innsats og disiplin, og fortel oss verkeleg kva talentfull og dyktig ungdom me har med å gjera her.
Ein fornøyelse å vera på lag med.


Konserten vart arrangert med støtte frå Drømmekonserten, eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping.
Norsk Tipping er generalsponsor for Norges Musikkorps Forbund og ein viktig støttespelar for norske musikkorps. Kvart år delast overskotet frå Norsk Tipping ut til frivillige lag innan idrett, kultur og humanitært arbeid.

Bilder  

Aspirantar
Aspirantar
Slagverk solistar
Slagverk solistar
Bjørnefjorden Jazzensemble
Bjørnefjorden Jazzensemble
Nilsingers
Nilsingers
Fullt hus
Fullt hus
Seminar: rådslagning
Seminar: rådslagning




Utskriftsvennlig versjon