Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julekonsertar
    - Haustsesongens fyrste konsert.
    - Ny sesong
    - The Commitments.
    - Øvingshelg og konsert med Eikelandsosen Skulemusikklag og Bjørnefjorden Jazz-Ensemble.
    - Basar og konsert.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 241 751

 

 

 





Haustsesongens fyrste konsert.
 

20.09.2010

Musikklaget og Skulemusikken samansett til eit korps vart den perfekte starten på ny sesong. Heile helga frå fredag til søndag hadde me seminar i regi av Eirik Gjerdevik og dirigentane våre Lisbeth og Torstein. Seminarhelga vart avslutta med konsert i samfunnshuset søndag kl 15.

Mykje folk hadde møtt opp for å høyra på konserten denne søndagen. Korpset beståande av 26 musikantar frå EML og ESML vart leda av Eirik Gjerdevik. Lett variert musikk stod på programmet:

Glade Musikanter
Mango Tango
Spania
Night Music
I'm Gonna Be (500 Miles)
Mr Jums
ABBA Gold
Månemannen

ESML har også i år fått mange nye aspirantar, og nokre av dei fekk vist seg fram denne dagen både aleine og saman med resten av korpset. Veldig bra at dei kunne vera med på konserten etter berre to øvingar med Lisbeth. Det svinga av dei allerede.

Ellers må det seiast at våre kjære skulemusikantar imponerar fortsatt med godt spel. Til tross for at dei fleste kun har spelt i 1 år, so spelar dei so bra at det er til stor inspirasjon for oss i EML. Utruleg kjekt at me kan få spela konsert saman med dei.

Eirik hadde sitt eige innslag i konserten der han fortalte litt om kva han driv med, og om instrumentet sitt, tuba'en. Her spelte han nokre solonummer heilt aleine. Magiske tonar.

Sparebanken Vest ved representant Godtskalk Skåtun hadde tatt turen til samfunnshuset for å dela ut sårt tiltrengte midlar til ESML. Skulemusikken hadde søkt SPV om midlar og fekk her utlevert ein sjekk på kr 25000,- Dette er kjærkomne kroner når dei har fått det luksusproblemet at dei faktisk har for lite instrument til alle som vil begynna å spela.
Dette vert det ordning på no.
Godtskalk heldt forøvrig ein fin appell til folket om å stilla opp so godt dei kan for å hjelpa musikklaga og dei som arbeidar hardt for å halda hjula i gang. Det er ikkje reint få timar som vert lagt ned i dugnadsinnsats av dei som er involvert. Det er prisverdig at banken spelar på lag med kulturlivet i bygdene.


Det virka som publikum kosa seg med musikken. Mat og kaffi fekk dei servert, og sjansen til å vinna premiar i utlodninga i pausen. Musikklaga takkar alle for oppmøtet, og ynskjer alle velkomen tilbake ved neste anledning.

Konsert  









Øving  






Nokre lydopptak frå konserten:

Spill Glade Musikanter
Glade Musikanter

Last ned
Spill Mango Tango
Mango Tango

Last ned
Spill ABBA Gold
ABBA Gold

Last ned
Spill Aspirantane: Kom og hør på hornmusikk
Aspirantane: Kom og hør på hornmusikk

Last ned
Spill Aspirantane: På kafe
Aspirantane: På kafe

Last ned




Utskriftsvennlig versjon