Print this page


Basar.

16.03.2015



Søndag 15. mars arrangerte me vår årlege basar. I år som i fjor i samarbeid med skulemusikken.

Tradisjonelt arrangement med konsert, åresal, trekning av loddbøker og gratis mat og drikke til alle frammøtte.

Grunna litt forfall i korpsa so spelte skulemusikken og musikklaget i saman på konserten. Der spelte me "Bruremarsj"(Jan Magne Førde) og "The muppet show theme"(Henson/Pottle).

Aspirantane til skulemusikken imponerte mest på konserten. Dei framførte 2 nummer. "Idas sommarvisa" og ein rocka versjon av "Bæ Bæ lille lam". Under kyndig veiledning av Aidan Smith fekk dei det til å svinga skikkeleg. Superbra levert!!

 

Musikklaget og skulemusikken takkar for støtte frå alle frammøtte på basaren. Takk til alle som bidrog med gevinstar.