Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julekonsert i Sundvor kyrkje
    - Filmkonsert.
    - Fritidsmønstring
    - Sesongstart 2014/2015.
    - Sesongavslutning med konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus
    - Eikelandsfjorden musikklag på turné.
    - ESML på Vårspretten
    - Basar og konsert
    - Brasskonserten 2014
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 241 761

 

 

 





Filmkonsert.
 

16.11.2014

Musikklaget og skulemusikken inviterte laurdag 15. november til konsert med noko attåt. Musikk frå kjende filmar var tema for konserten. Publikum fekk seg ei samansett oppleving med film på storskjerm samtidig som korpset spelte musikktema frå filmane.

Dette var eit av våre mange samarbeidsprosjekt der EML og ESML danna felles orkester. Ved hjelp av storskjerm og lys/lyd prøvde me å skapa rette stemninga i salen. Med popkorn og brus attåt skulle alt liggja til rette for at publikum skulle koma i "kinostemning".

På nokre av låtane fekk me god hjelp av elevar frå Fusa ungdomsskule.  Sangsolist Elena Dale Midtun på "Gabriella’s song" frå filmen "Så som i himmelen". På "Svalbardtema" frå "Orions belte" var Andreas Kleppe og Idar Rolland med på el.bass og keyboard. Idar Rolland hadde også sitt eige solonummer med "Can you feel the love tonight" frå "Løvenes konge".

Aspirantane til skulemusikken hadde som vanleg sitt eige innslag på konserten. Dei spelte "Souper Trouper" og "Dancing queen" medan bilder frå Abba-filmen "Mamma Mia" rulla over storskjermen.

Dei som var til stades fekk oppleva musikk frå desse filmane:
Ghostbusters, Flåklypa grand prix, The mission, Frost, Mamma Mia, Schindlers liste, Så som i himmelen, Titanic, Pirates of the Caribbean, Løvenes konge, Jurassic park, Tarzan, Flintstones, Orions belte, Olsenbanden, Jul i Flåklypa, The muppet show.

 

 

 

Faksimile Os&Fusa posten:  



Bilder  











Lydopptak

Spill Dancing Queen (ESML aspirantar)
Dancing Queen (ESML aspirantar)

Last ned
Spill Jul i Flåklypa
Jul i Flåklypa

Last ned
Spill Pirates of the Caribbean
Pirates of the Caribbean

Last ned
Spill Svalbardtema
Svalbardtema

Last ned
Spill The Muppet show theme
The Muppet show theme

Last ned
Spill Can you feel the love tonight (Idar Rolland)
Can you feel the love tonight (Idar Rolland)

Last ned




Utskriftsvennlig versjon