Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Julekonsert i Sundvor kyrkje
    - Filmkonsert.
    - Fritidsmønstring
    - Sesongstart 2014/2015.
    - Sesongavslutning med konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus
    - Eikelandsfjorden musikklag på turné.
    - ESML på Vårspretten
    - Basar og konsert
    - Brasskonserten 2014
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 241 760

 

 

 





Sesongavslutning med konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus
 

18.06.2014

Tysdag 17. juni spelte me vår siste konsert for sesongen. Saman med skulemusikken og aspirantane inviterte me publikum til konsert i samfunnshuset.

Variert underhaldningsmusikk vart servert av musikklaga. Publikum fekk oppleva klassisk Edvard Grieg med både Dovregubben og morgenstemning, filmmusikk frå James Bond og meir moderne rytmar som swing, pop og funk.

Aspirantane til skulemusikken briljerte med ”postmann Pat” og ”can can”. Aspirantane fekk også prøva seg som ekte skulemusikantar når dei tredde inn i korpset og avrunda med ein svingande funk-låt.

4 av skulemusikantane vart heidra for ”lang og tru teneste” med henholdsvis 3 og 5 års medaljar.

Ca 30 frammøtte på ein tysdags ettermiddag vart til eit halvstort publikum når i tillegg musikklaga var publikum for kvarandre.

Me i musikklaget tar dermed sommarferie her heime, mens skulemusikken reiser på langtur i neste veke og startar sommarferien sin i England. God tur!!

 

Program for konserten:

ESML
• I Dovregubbens hall
• Morgenstemning
• Skyfall
• Heal the world
• Æ vil bare dans
• 5 E funk

EML
• E' spenstig
• Sir Duke
• O magnum mysterium
• Showstoppa

 


Nokre lydopptak:


Spill I Dovre-gubbens hall
I Dovre-gubbens hall

Last ned
Spill Skyfall
Skyfall

Last ned
Spill 5 E funk
5 E funk

Last ned
Spill E spenstig
E spenstig

Last ned
Spill Sir Duke
Sir Duke

Last ned




Utskriftsvennlig versjon