Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

 

 

   Nyheter
    - Reisa til julestjerna gjekk for fulle hus.
    - Reisa til julestjerna
    - Basaren til samfunnshuset 2013.
    - Konsert på Fusa ungdomsskule.
    - Skulemusikken på turnè.
    - Musikklaget på turnè.
    - Vellukka Afrika-konsert
    - Basaren 2013.
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 249 135

 

 

 





Reisa til julestjerna gjekk for fulle hus.
 
 
 
 

02.12.2013

Det var gledeleg at so mange fusingar vart med oss på reisa til stjerna. Totalt var det nærmare 550 besøkjande, fordelt på 3 forestillingar. Dette tilsvarar ca 15% av innbyggjarane i Fusa kommune.

”Reisa til julestjerna” er nok det største prosjektet musikklaget og skulemusikken nokon gong har gjennomført. Med musikantar, songarar, dansarar og skodespelarar var over 80 aktørar i sving på kvar forestilling. Pluss ein del folk bak kulissane også.
Forberedelsane har pågått i fleire månader for å få dette til. I tillegg til det musikalske, har det vore jobba med kulissar, rekvisittar/kostymer, lyd/lys, promotering, sponsorar osv.

Med so mykje arbeid nedlagt ynskte me å ta forestillinga med oss på turnè i Fusabygdene. Torsdag i Sævareid, fredag på Fusa og søndag i Eikelandsosen. Då var det særs hyggjeleg at det kom so mykje publikum.

Musikklaga vil retta ein stor takk til alle involverte, og takkar for samarbeidet med både kulturskule og enkeltpersonar. Takk også til alle bedrifter som var med og sponsa forestillinga.

”Reisa til julestjerna” vart arrangert med støtte av Drømmekonserten. Eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norges Musikkorps Forbund.

 

 

 

Litt bilder  











Utskriftsvennlig versjon