Eikelandsfjorden Musikklag
Eikelandsfjorden Musikklag
 • Nyheter    • Om laget    • Styret/kontakt    • Sesongplan    • Internt     • Gjestebok  

     
  Aktuelt:
     
- EML sidan 1902

     
- Støtt EML med din grasrotandel.
Støtt EML med din grasrotandel.

     
- Våre støttespelarar
Våre støttespelarar

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 241 774

 

 


Julekonsert i Fusa kyrkje
Julekonsert i Fusa kyrkje
Årets julekonsert fann stad i Fusa kyrkje laurdag 19. desember...
Les mer...


Korps på friluftstur
Korps på friluftstur
Skulemusikken og musikklaget har vore på tur og spelt konsertar ute i det fri forskjellige stader i kommunen. Desse konsertane er ifm prosjektet "korps på friluftstur". Friluftsturane/konsertane har funne stad på Vinnes, ved Havsgårdvatnet og ved Vengsvatnet.
Les mer...


Basar.
Søndag 15. mars arrangerte me vår årlege basar. I år som i fjor i samarbeid med skulemusikken.
Les mer...


Brasskonserten i Fusa 2015
I helga deltok musikklaget på den årlege "Brasskonserten i Fusa" som har til formål å samla alle musikklaga i kommunen til felles konsert. Den vart i år arrangert av Hålandsdal musikklag. Konserten fann stad i Eikelandsfjorden samfunnshus.
Les mer...


Julekonsert i Sundvor kyrkje.
Julekonsert i Sundvor kyrkje.
Laurdag 20. desember var Sundvor kyrkje staden for årets tradisjonelle julekonsert. Medverkande på konserten var Eikelandsfjorden musikklag, Eikelandsosen skulemusikklag, ESML aspirantar, Idar Rolland, Astrid Heidal og Hardingfeletrioen Anna Skaathun Epland, Marte Ekeberg Klippen og Elen Ekeberg Klippen.
Les mer...


Filmkonsert.
Filmkonsert.
Musikklaget og skulemusikken, inviterte laurdag 15. november til konsert med noko attåt. Musikk frå kjende filmar var tema for konserten. Publikum fekk seg ei samansett oppleving med film rullande på storskjerm samtidig som korpset spelte musikktema frå filmane.
Les mer...


Fritidsmønstring
Laurdag 27. september stilte ESML med stand på fritidsmønstringa til Fusa kommune.
Les mer...


Sesongstart 2014/2015, med seminar og konsert.
Sesongstart 2014/2015, med seminar og konsert.
Musikklaget og skulemusikken er i gang att etter sommarferien. Ny sesong og ny felles dirigent. Me starta opp med øvingar i slutten av august, og helga 12.-14. september var det tid for vårt tradisjonelle felles oppstartsseminar. Heile helga frå fredag til søndag fylt med øving, sosialt samvære, og avsluttande konsert på søndagen med gjester.
Les mer...


Sesongavslutning med konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus
Sesongavslutning med konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus
Tysdag 17. juni spelte me vår siste konsert for sesongen. Saman med skulemusikken og aspirantane inviterte me publikum til konsert i samfunnshuset.
Les mer...


Eikelandsfjorden musikklag på turné.
Eikelandsfjorden musikklag på turné.
I år som i fjor, la musikklaget ut på ein liten "mini-turné" rundt i kommunen som ei avslutning på sesongen.
Les mer...


ESML på Vårspretten
ESML på Vårspretten
Nokre video-opptak av skulemusikken sin konsert på Vårspretten den 29. mars.
Les mer...


Brasskonserten 2014
Brasskonserten 2014
Søndag 16. februar var alle musikklaga i Fusa kommune samla i Eikelandsfjorden samfunnshus til konsert og samspel. Damekoret ”Kor(t)pusten” var også invitert slik at me fekk eit vokalt innslag innimellom alle messingblåsarane.
Les mer...


Reisa til julestjerna gjekk for fulle hus.
Reisa til julestjerna gjekk for fulle hus.
Det var gledeleg at so mange fusingar vart med oss på reisa til stjerna. Totalt var det nærmare 550 besøkjande, fordelt på 3 forestillingar. Dette tilsvarar ca 15% av innbyggjarane i Fusa kommune.
Les mer...


Reisa til julestjerna.
Reisa til julestjerna.
Gå ikkje glipp av årets førjulsopplevelse. EML og ESML i samarbeid set i år opp ein sceneversjon av ”Reisa til julestjerna”. Med musikk, sang og dans. 3 forestillingar. Sævareid, Fusa og Eikelandsosen.
Les mer...


Basaren til samfunnshuset 2013.
Basaren til samfunnshuset 2013.
Søndag 20. oktober arrangerte husmorlaget, idrettslaget og musikklaget årets basar til inntekt for samfunnshuset.....
Les mer...


Konsert på Fusa ungdomsskule.
Konsert på Fusa ungdomsskule.
Helga 20.-22. september hadde EML og ESML seminar i saman, med avsluttande konsert på Fusa ungdomsskule på søndagen. Gjestedirigent på konserten var Eirik Gjerdevik.
Les mer...


Skulemusikken på turnè.
Mandag 10. juni var det skulemusikken sin tur å reisa på turnè.....
Les mer...


Musikklaget på turnè.
Som avslutning på årets sesong i Eikelandsfjorden musikklag, la me ut på ein liten "mini-turnè" laurdag 8. juni.....
Les mer...


Vellukka Afrika-konsert
Vellukka Afrika-konsert
Laurdag 9. mars arrangerte Eikelandsfjorden Musikklag og Eikelandsosen Skulemusikklag konsert med afrikansk- inspirert musikk i samfunnshuset. Her kan du sjå og høyra opptak frå konserten.
Les mer...


Basaren 2013
Vår årlege basar er gjennomført. Konsert, utlodding og mat/drikke stod som vanleg på programmet. Takk til alle som tok søndagskaffien på samfunnshuset saman med oss.
Les mer...


Julekonsert på Sundvor.
Julekonsert på Sundvor.
Laurdag 8. desember var musikklaget og skulemusikken til Sundvor kyrkje og spelte den årlege julekonserten. Skulemusikken spelte også på Fjord'n senter tidlegare på dagen.
Les mer...


Konsert på Nore Fusa skule.
Konsert på Nore Fusa skule.
Søndag 23. september tok me turen til Nore Fusa skule og heldt konsert. Med på konserten var felleskorpset EML/ESML, Eirik Gjerdevik, Aspirantane til ESML og Miriam Tveit på piano. Litt bilder og opptak frå konserten.
Les mer...


Konsert søndag 15. april.
Søndag 15. april var det konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus med både korpsmusikk og korsong. Høyr lydopptak her. Pluss nokre video'ar frå skulemusikken sin konsert på "Vårspretten".
Les mer...


Skulemusikken har vunne Synlighetsprisen for 4. kvartal
Eikelandsosen Skulemusikklag har vunne Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping sin Synlighetspris for 4. kvartal 2011.
Les mer...


Julafta på Fusa Bu- og behandlingssenter.
Julafta på Fusa Bu- og behandlingssenter.
EML spelte til bebuarane på Fusa Bu- og behandlingssenter på julafta.
Les mer...


Julekonsertar 2011.
Julekonsertar 2011.
Då var årets julekonsertar overstått. Me spelte i år 2 konsertar: 5.desember i Årstad kirke og 13.desember i Fusa kyrkje. Begge i samspel med JMK Bergen.
Les mer...


Nisseorkesteret på Fjord'n senter.
Nisseorkesteret på Fjord'n senter.
Det florerte av store og små nissar på Fjord'n senter når skulemusikken stod for underhaldninga i førjulsstrida.
Les mer...


Farsdagskafè.
Farsdagskafè.
God mat, musikalsk underhaldning og lansering av bygdebladet "Eikjelandsfjorden". Dette var essensen i årets farsdagskafè arrangert av Eikelandsosen skulemusikklag for andre året på rad.
Les mer...


Oktoberfest.
Oktoberfest.
EML var på speling i by'n i helga. Me har denne sesongen hatt samarbeid med Jernbanemusikken i Bergen og hadde årets fyrste konsert som felleskorps. Anledningen var Oktoberfest. Ein årleg sammenkomst for korps og kor, arrangert av JMK.
Les mer...


Konsert 2.oktober 2011.
Konsert 2.oktober 2011.
Søndagens konsert vart ei bra oppleving for dei mange frammøtte i samfunnshuset i Eikelandsosen. Korpset for anledninga var samansett av musikklaget og skulemusikken, dirigert av Eirik Gjerdevik. I tillegg medverka aspirantane i ESML, Bjørnefjorden Jazzensemble og Nilsingers på konserten.
Les mer...


Konsert med ESML og EML.
Søndag 27. mars spelte Eikelandsosen Skulemusikklag og Eikelandsfjorden Musikklag konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus. Nokre av årets aspirantar i skulemusikken fekk også anledning til å prøva seg framfor publikum. Her kan du sjå nokre opptak frå konserten.
Les mer...


Konsert og basar
Den årlege basaren til Eikelandsfjorden Musikklag vert i år arrangert søndag den 20. februar kl. 16 i samfunnshuset. I tillegg til åresal og trekning av basarbøker, vert det som vanleg mat og drikke attåt og underhaldning ved musikklaget og skulemusikken.
Les mer...


Julekonsertar
Julekonsertar
Årets julekonsertar med Eikelandsfjorden Musikklag blir i Fusa og Strandvik kyrkjer den 11. og 12. desember. EML går litt nye vegar i år. Me har vore so heldig å få med Ailie Reid som vokal solist på delar av programmet vårt. Ailie Reid er ein internasjonal sopran operasongar frå Northumberland i Nord England. Utdannelsen har Ailie frå "the Royal Northern College of Music" i Manchester. Ho har hatt solistoppdrag rundt i Europa bl.a. i Tyskland, Italia, Østerrike og Storbritannia. Dette vert ein opplevelse utanom det vanlege og me oppfordrar alle til å setja av tid i førjulsstrida og få med seg desse konsertane. Andre medverkande på desse konsertane blir Eikelandsosen Skulemusikklag, Kor(t)pusten og Strandvik Blandakor.
Les mer...


Haustsesongens fyrste konsert.
Haustsesongens fyrste konsert.
Søndag 19. september spelte EML konsert saman med Eikelandsosen Skulemusikklag i samfunnshuset i Eikelandsosen. Dirigent for dagen var vår tidlegare tubaist Eirik Gjerdevik, som også hadde ein solo seanse i konserten. Høyr musikken og sjå bilder frå konserten.
Les mer...


The Commitments
The Commitments
Fengande rhythm & blues tonar med korps og band var det dei frammøtte fekk servert i Eikelandsfjorden samfunnshus ein laurdagskveld i april. Sjå bilder og høyr musikken her.
Les mer...


Ver med og støtt oss med din grasrotandel.

Ver med og støtt oss med din grasrotandel.
Les meir her korleis du kan støtta EML når du tippar, utan at det kostar deg noko ekstra.
Les mer...